Stortingsrepresentant

Ja til eit mangfaldig tilbod i barnehagesektoren

Leserinnlegg i Klassekampen, onsdag 6.juni

———————————————————

Eg har ved fleire høve skrytt av Klassekampen for å vere den beste dagsavisa i Noreg, mellom anna fordi ho har vorte fri for bruk av tabloide metodar. Difor vart eg vonbroten av å sjå at Jens Kihl, bladfyk i Klassekampen, sjølv nyttar eit slikt grep i spalta «Dagboka» fredag 1.juni.

Eit sitat eg gav til ANB om private barnehagar, har vorte teke ut av samanheng. Hadde Kihl lese meir enn berre det sitatet, ville han registrert at eg både opnar for meir kontroll over pengestraumane i dei private barnehagane, og at eg meiner at dårleg bruk av offentlege midlar er like ille om det er det offentlege eller private som brukar dei dårleg. Eg meiner altså ikkje at galopperande profitt ikkje er noko problem, og eg avviser heller ikkje alle krav om endring.

Representantforslaget frå Moxnes og Lysbakken som var høve for intervjuet med ANB, handlar meir om ideologi og deira ynske om å leggja til rette for at det skal bli fleire offentlege barnehagar. Eg meiner at når private barnehagar driftar billegare og har brukarar som er meir nøgd,e så er det feil løysing å arbeida for å få meir av dei som driv dyrare og med lågare brukartilfredsheit.

Moxnes og Lysbakken vil vera mot private barnehagar om dei går med overskot eller underskot. Sosialistar er jo diverre skrudd slik saman at dei skrik etter forbod og reguleringar når nokon tener pengar.

Eg verdset dei som tenkjer at her er det ein marknad eg må inn i, for her finst openbart potensial for å tena pengar, fordi dei trur dei kan levera både billegare og betre tenestar enn dei som driv no.

Ei slik tankerekkje skaper fleire gründerar, bidreg til eit meir mangfaldig tilbod med konkurranse og billegare drift, og ho sikrar auka valfridom for foreldra. Dette har bidrege til meir nøgde foreldre, og har vorte avgjerande for å nå målet om full barnehagedekning. Det blir galt å fyrst forventa at private skal bruke av si eiga tid og oppsparte pengar i ein storstilt dugnad for å sikra barnehageplassar for folk, for så å setta krokfot på dei når målet er nådd og dei har moglegheit for å hausta fruktene av investeringane sine.

Historia kan me læra mykje av, og årsaka til store overskot hos kjedene skuldast til dømes at ein på 2000-talet oppmoda kommunar til å stilla med billegare tomter, det vart gjeve investeringstilskot og tilbod om fordelaktige lånevilkår hjå Husbanken. Fri etableringsrett vart så fjerna, og det har vorte meir krav og byråkrati. I sum har dette ført til at fleire små barnehagar vert selde til kjedene, med ein stor vinst som mellom anna skuldast stor prisvekst i eigedomsmarknaden. Dette var ikkje intensjonen til nokon av dei partia som vart ein del av barnehageforliket, men tida for desse grepa har me no bak oss.

Framstegspartiet ynskjer eit regelverk som er betre innretta mot dagens situasjon, med til dømes ei stykkprisfinansiering basert på ein nasjonal tilskotssats og å opna for fri etableringsrett igjen.

Regelverket og pengestraumane må sest på i ljos av dei nye rapportane, slik at pengane går til å sikra gode tenestar til brukarane. Men eg vil åtvara mot å sjå på sluttresultatet av fleire, kanskje dårlege, politiske avgjerder ein sjølv har fatta dei siste femten åra, for så å nytta dei som orsaking i sin kamp for eit nasjonalt forbod mot private aktørar.

 

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

w

Kobler til %s